8vo. Illustr. Orig. omslag. 254, (2) s. Baksidetekst: Idealisten Conrad Clausen gjorde ein eineståande innsats for norskdom, norsk kultur og samfund gjennom eit langt liv. 21. november 2002 var d... 
8vo. Illustr. Orig. omslag. 254, (2) s. Baksidetekst: Idealisten Conrad Clausen gjorde ein eineståande innsats for norskdom, norsk kultur og samfund gjennom eit langt liv. 21. november 2002 var det 100 år sidan han vart fødd i Tacoma på den amerikanske vestkysten. Denne jubileumsboki syner oss noko av mangfaldet i arbeidet til den heilhuga kulturbyggjaren frå Askøy: som fredsarbeidar (formann i Norges Fredslag i ein mannsalder), lokalhistorikar (redaktør av sogelagsskriftet Frå Fjon til Fusa ein 30 års bolk), bladmann (redaktør av Askøy Tidend i 28 år), umtykt skribent og kåsør i aviser og kringkasting frå sist på 1920-talet til 1990. I ein innleiande bolk vert mannen og verket skildra av Anders Bjarne Fossen, Fredrik Wandrup, Jakob Skarstein, Ludvig Jerdal, Magnús H. Gíslason, Alv Askeland, Eigil Lehmann og Olav Lavik. På ulikt vis syner dei oss den makelause innsatsen Conrad Clausen gjorde for kulturlivet - både lokalt på Askøy, i Hordaland og vidare utetter - ikkje minst i fredsarbeidet og gjennom hopehavet med frendefolk på Island og dei andre øyane vest i havet. Ruvande kulturinstitusjon, venesæl samarbeidsmann, bibliofil livskunstnar, ordhag talsmann, ihuga forminnevernar er berre nokre av honnørordi som vert nytta for å gjeva oss ein tokke av alt det denne fagnamannen stod for. Av innhaldet (artiklar av Conrad Clausen): Askøy - Innføring; Askøy - Truer og segner; Askøymålet og Askøy mållag; Den gamle kyrkjestaden på Ask; Gleda som skulle timast alt folket Starkad Ålrekftad kongsgård Soga om tekstilindustrien i Hordaland Arne Bjørndal - Røda i Vestmannalaget 26. ftjaj. 1932 Henrik Ibsen i lyrikken To visor etter J. O. Veseth Hikon den Gode og skaldane Olav Nygard - Liv og lanad Soga åt fredstanken i Noreg