Hervik, Frode/Nedrebø, Yngve/Gjerland, Berit
Dronning Ingerid og bisp Nikolas.  Førde 2006.
Kr. 198,-
4to. Illustr. Orig. kartonert bd. Ny. 176 s. (Før kr. 348,-). Forlagsomtale: Ingerid Ragnvaldsdotter (fødd kring 1110) var svensk prinsesse, gift fire gonger med danske og norske stormenn og spelte ei viktig rolle i den kaotiske borgarkrigstida i Noreg på 1100-talet. Ho fekk ni søner, åtte vart drepne i nordiske borgakrigar. To av dei vart kongar, to vart hertugar og to vart jarlar. Dronning Ingerid og kong Harald Gille fekk sonen Inge Krokrygg, som var norsk konge i 25 år. I sitt fjerde ekteskap med lendmannen Arne på Stårheim, kom ho til Nordfjord. Sonen Nikolas Arnesson (kring 1150-1225) vart biskop i Oslo og kong Sverres fremste motstandar. Han stifta baglarpartiet, og er rekna som ein av dei største politikarane i si tid. Stårheimsætta spelte ei viktig rolle vidare i norsk mellomalder, og systersonen til Nikolas og barnebarn av Ingerid, Filippus Simonsson, var baglarkonge 1207-17. Ei eventyrleg historie om mor og son djupt innblanda i maktkampar og krigføring i borgarkrigane i Norden. Rikt illustrert med kring 120 foto, teikningar og kart.
Nr. 8343