Irgens, Lorenz m.fl.
Lepra.  Førde 2006.
Kr. 198,-
4to. Rikt illustr. Orig. kartonert bd. Ny. 96 s. Forlagsomtale: Lepra (spedalskhet) er ein sjukdom som har råka menneska i langt over 3000 år. Det er ein dødeleg sjukdom som herja i deler av Norge som ein epidemi på 1800-tallet. Lenge vart den sett på som ein personleg tragedie for dei som vart råka, men i 1840-åra tok det offentlege ansvar. Det vart bygd nye sjukehus og det vart sett i gang forskning. I 1854 fekk Norge ein eigen overlege for den spedalske sjukdomen, og i 1856 fekk han oppretta eit nasjonalt register over alle spedalske i landet. Det var det første register av sitt slag i hele verda. Målet var å kartlegge, forske og forstå, og gjennom det få fjerna sjukdommen. Det målet nådde dei! I 1873 fann Gerhard Henrik Armauer Hansen leprabasillen og kunne ved hjelp av denne oppdaginga forklare spreiinga av sjukdomen. Tallet på nye tilfeller vart fort redusert, og sjukdomen var under kontroll! Det er dette denne boka handlar om. Dei norske lepraarkiva kom i 2001 inn på UNESCO si liste for Verdens Hukommelse, ein honnør til den norske innsatsen for å finne ut av denne sjukdommen, som framleis råker millioner av mennesker.
Nr. 8284