Losnegård, Gaute
Død og pine. Justismordet Hetlesaka.  Førde 2006.
Kr. 248,-
8o. Orig. kartonert bd. Ny. 136 s. Forlagsomtale: I 1907 vart Mikal og Ole Hetle, far og son, frå Viksdalen i Sunnfjord dømde for å ha drepe naboen Henrik Hetle, trass i stor uvisse om den eigentlege dødsårsaka, og trass i at to statsadvokatar først hadde gått inn for å leggje bort saka. Men bygda kokte av mistankar og rykte, og to dokterar og ein professor konkluderte med at det måtte ha skjedd eit drap. Mikal og Ole laut sone i sju år. Kampen for frikjenning tok til straks dei vart dømde, men skulle verte årelang. Forfattarar, dokterar, juristar, journalistar mange andre engasjerte seg. Først under andre verdskrigen kom saka opp att, og Mikal og Ole vart frikjende. Mikal hadde då vore død i 12 år. Hetlesaka inneheld alle ingrediensane i ei kriminalhistorie, utan den viktigaste: sjølve mordet. Men Hetlesaka er forteljinga om eit anna mord -justismordet, eit av dei verste i Norgeshistoria.
Nr. 8134